kameleon quilt logo

Mosaikksirklar


Mosaic circles quilt Dette veggteppet på ca 48 x 48 cm er resultat av eit eksperiment, som eg synest vart ganske bra til slutt.

Designet er inspirert av ein skulptur dekt av mosaikkbitar som eg såg i Murmansk sommaren 2007, samt av ein installasjon som heng i Operahuset på Nordfjordeid. Denne er sett saman av gjennomsiktige sirkelforma plater dekt med ein folie som reflekterar lyset i eit mangfold av fargar.

Meir om inspirasjonen til teppet kan lesast på bloggen min.

I dette teppet ville eg prøve korleis eg kunne lage sirklar som gav inntrykk av både å overlappe kvarandre, og å vere gjennomsiktige.

Utifrå erfaringane eg gjorde meg, har eg skrive eit sett instruksjonar, samt teikningar til sirkelmønsteret eg brukte. Desse kan lastast ned som pdf-fil, men førebels berre på engelsk. Mønsteret finn du her.

Under er bilete som viser fleire detaljar frå teppet.






Go to English pages


Heim 

Om meg 

Kameleon Quiltar 

Galleri 

Mønster til salgs 

Arbeid under utforming 

Inspirasjon 

Bubble Jet Set 2000 

Data og quilting 

Teppe laga av andre 

 

 

Linkar 

E-mail 

Heim | Om meg | Kameleon Quiltar | Galleri | Mønster til salgs | Arbeid under utforming | Inspirasjon | Bubble Jet Set 2000 | Data og quilting Teppe laga av andre | Linkar | E-mail |

TILBAKE
til Gallerioversikt

TIL TOPPEN

Copyright 2002 - 2011 Eldrid Røyset Førde